Mange av våre lokallag eig eigne ungdomshus. Regjeringa la nyleg fram ny strategi for kulturfrivilligheit. Viktig målsetning i strategien er å løfte fram det store mangfaldet av aktivitetar innanfor kulturfrivilligheita. Ikkje minst er å ein stad å utøve aktivitetar ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv, uavhengig av kor du bor i landet. I innspelsprosessen til ny strategi var vi opptatt av vi treng gode fysiske møteplassar for å både ivareta og løfte mangfaldet av kulturaktivitetar som skjer i regi av m.a. Noregs Ungdomslag.
Samstundes er det stort etterslep når det gjeld vedlikehald og midlar til å utvikle ungdomshusa våre og andre lokale kulturhus. Noregs Ungdomslag har difor kjempa lenge for å styrke dei statlege tilskotsordningane for å ta att etterslep på vedlikehald og gjere bygga meir tenlege for dagens bruk og krav til tilgjengelegheit.
At regjeringa har vedtatt å auka spelemiddelløyvinga til kulturbygg med 30 millionar, frå om lag 54 millionar kr til 86 millionar kr. er ein viktig anerkjenning av behovet for å løfte løyvingane til kulturhusa.
Om ordninga: Fylkeskommunane er ansvarleg for å administrere tilskotsordninga, men søknad må sendast via din kommune. Huset må vere registrert i anleggsregisteret og huseigar er ansvarleg for søknad. Start i god til og spør kommunen om rettleiing i utforming av søknad. Dersom det er fleire søkarar frå same kommune skal kommunen lage prioriteringsliste. Tilskotet kan utgjere 1/3 av godkjente prosjektkostnadar. Søknadsfrist frå kommune til fylkeskommune er 30. april kvart år. Merk her at det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane for når dei skal ha inn søknad frå huseigar.